Her finn du svar på vanlege spørsmål.
Kan eg skru av varsel?
Naudvarsel har fleire nivå. Det er ikkje mogleg å skru av varsel om dei mest alvorlege hendingane eller nasjonale varslingsprøver. For mindre alvorlege hendingar er det mogleg å velje bort varsel. Dette gjer du ved å endre oppsett i innstillingane på telefonen.
For høg eller for låg lyd
Det har kome mange tilbakemeldingar om lydsignalet på testvarselet – både frå dei som opplevde lyden som for høg, og dei som syntest lyden var for låg. Naudvarsel er basert på ein standardisert teknologi, og både lydsignal og lydstyrke følgjer denne standarden.
Kvifor fekk eg melding på engelsk / feil språk?
Naudvarsel kjem på norsk og engelsk.
På iPhone har vi sett mange døme på at den engelske meldinga har lagt seg øvst, og dermed vore den som har blitt synt. Mange iPhone-brukarar har difor trudd at dei berre fekk naudvarsel på engelsk.
Her ser du korleis du finn att tidlegare varsel
På denne måten vil du kunne sjå og lese varselet/varsla på nytt, og enklare finne fram til rett språkversjon dersom du har fått varselet på fleire språk.
Varselet forsvann før eg rakk å lese det. Kor finn eg det att?
Her ser du korleis du finn att tidlegare varsel
Får eg varsel i utlandet?
Du får ikkje varsel for Noreg når du er i utlandet.
Viss du bruker mobiltelefon med norsk SIM-kort i utlandet, kan du få Cell Broadcast-varsel frå styresmaktene i landet dersom du er i eit land som har aktivert dette, og mobiltelefonen din støtter slike varsel.
Kvifor er berre 4G og 5G støtta?
Noreg har godt utbygd dekning for 4G, og vil også få god 5G-dekning. 2G-nettet blir i stadig mindre grad nytta til mobiltelefoni, og skal etter planen fasast ut om få år.
Korleis blir eg varsla dersom eg ikkje har mobiltelefon?
Naudvarsel på mobil er eit tillegg til andre former for varsling av folkesetnaden. Ved ei krise vil informasjon bli gitt både via nyheitsmedium / tradisjonelle medium, radio og sosiale medium. Ved store og alvorlege hendingar kan også varslingsanlegga bli nytta.
Kva språk kjem eit naudvarsel på?
Naudvarsel kjem på norsk og engelsk.
Kan eg reservere meg (eller barnet mitt / andre) mot å få varsel?
Det er ikkje mogleg å reservere seg mot å få naudvarsel på dei øvste varslingsnivåa. Desse blir nytta dersom styresmaktene meiner det kan redde liv og helse. For dei lågare varslingsnivåa kan du sjølv endre innstillingane for mottak. Dette gjer du i telefoninnstillingane.
Får eg varslar dersom eg ikkje har dekning?
Utsending av varsel skjer over 4G- og 5G-nettet. Dersom du ikkje har dekning eller berre har 2G-dekning, så kan du ikkje få varsel. I Noreg er det tilnærma lik 4G-dekning og 2G-dekning.
Dersom operatøren min har problem med dekninga, kan eg da få varslar via nettet til andre operatørar?
Dersom operatøren din ikkje har dekning, så kan du ikkje få varslar frå ein annan operatør. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) tilrår medlemer i ein familie å velgje abonnement frå ulike mobiloperatørar for styrkt beredskap.
Får eg som har kontantkort også varslar?
Ja, dei med kontantkort vil på same måte som dei med andre abonnement få varslar.
Får dei med utanlandsk SIM-kort varsel i Noreg?
Ja, dei som er gjestar i norske mobilnett vil få varsel på same måte som norske abonnentar.
Får kundar med prioritert abonnement varsel når dei gjestar eit anna mobilnett?
Ja, det vil dei. Dei vil bli varsla gjennom det nettet dei gjestar.
Dersom du ikkje har SIM-kort i mobiltelefonen, får du då varsel?
Nokre mobiltelefonar kan få varsel sjølv om dei ikkje har SIM-kort. For å vere sikker på å få varsel, må telefonen ha SIM-kort eller eSIM.
Kva skjer dersom basestasjonen ikkje har straum?
Om det er overlappande dekning frå fleire basestasjonar, så kan du få varsel. Dersom alle basestasjonar i eit område er utilgjengelege, så kan det ikkje sendast ut varsel der.
Er tenesta utvikla for å vere tilgjengeleg også for dei som har utfordringar med å lesa?
Eit naudvarsel kjem med høg sireneliknande lyd og vibrering. Om du ikkje kan lesa teksten, så kan du få teksten lest opp, om telefonen din støttar tekst til tale.
Må styresmaktene vite kor eg oppheld meg for å kunne sende meg eit naudvarsel?
Nei. Naudvarsel blir send ut til mobiltelefonar som eit radiosignal, og verken styresmaktene eller mobiloperatørane veit kven som får varsel.
Kvifor må eg oppdatere?
Naudvarsel er basert på ein standardisert varslingsteknologi som blir nytta i fleire land, og som er innebygd i dei fleste moderne mobiltelefonar. Denne teknologien må aktiverast for bruk i Noreg, og dette blir gjort automatisk når ein oppdaterer til nyare programvareversjonar.
Ettersom det er relativt kort tid sidan Naudvarsel kom inn programvareoppdateringane for norske brukarar, må mobiltelefonen vere nyleg oppdatert for å kunne ta imot Naudvarsel.
Talet på kompatible mobiltelefonar og einingar vil auke etter kvart som fleire oppdaterer mobilane sine eller skiftar dei ut med nyare modellar.
Styremaktene har i samband med etableringa av Naudvarsel hatt ein tett dialog med høvesvis Apple (iOS) og Google (Android-baserte einingar) for å få teke med dei norske innstillingane i programvareoppdateringane.
Det er produsentane av mobiltelefonane som avgjer kva einingar som kan oppdaterast med nødvendig programvare for å ta imot Naudvarsel.
Korleis verkar Naudvarsel og høyreapparat?
NAV Hjelpemiddelsentral og fleire produsentar har testa høyreapparat og Naudvarsel. Dei fekk desse resultata.
Kvifor fekk eg presidentvarsel eller annan lyd /ingen lyd?
Naudvarsel er basert på ein standardisert varslingsteknologi. Då vi etablerte Naudvarsel i Noreg, laga vi norske tilpassingar av denne, mellom anna i form av norske overskrifter på meldingane. I Noreg skal meldingstypen som blei nytta under varslingsprøva, ha overskrifta Akutt fare (norsk) og Immediate danger (engelsk), og meldingane skal ha høg varslingslyd.
Enkelte einingar som ikkje har installert desse norske tilpassingane gjennom oppdaterte programvareversjonar, kan få varsel med andre innstillingar (i praksis overskrifter og lydinnstillingar) enn dei norske. Til dømes kan overskrifta vere Presidentvarsel / Presidental Alert i staden for Akutt fare / Immediate danger.
Det er viktig å merke seg at innhaldet i sjølve meldinga visast rett, uavhengig av om overskriftene følgjer norske eller internasjonale innstillingar.